LOV FOR FLORØ HESTESPORTKLUBB
Lov for Flora Køyre- og Rideklubb, skipa 01.09.1992
Vedteken den 28.1.2006, endra 28.01.07.
Godkjend av Idrettsstyret 16.2.2006 (1)
§ 1 FØREMÅL
Laget sitt føremål er å fremme ride- og køyresporten i Flora Kommune.
Arbeidet skal preges av frivilligheit, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal bygge på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.
§ 2 ORGANISATORISK TILKNYTING
Laget er medlem av Norges Rytterforbund gjennom Sogn og Fjordane rytterkrins.
Norges Rytterforbund er tilsluttet Norges Idrettsforbund og Fédération Equestre Internationale (FEI), og undergitt de til enhver tid gjeldende lover og bestemmelser for disse.
Laget har sete i Flora kommune og er medlem av Flora idrettsråd. (2)
Laget er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemer.
Reglane i NIF`s lov kapittel 1, 2, 5, 11, 12 og 13 gjeld for idrettlaget uavhengig av kva som måtte stå i laget si eiga lov.
§ 3 MEDLEMER
Alle som lover å rette seg etter laget si lov og lovene til overordna idrettsorgan, kan bli medlem.(3)
Alle som er medlemer pliktar å følgje lovene til Norges Idrettsforbund, og dessutan dei lover og vedtekter som gjeld for NIF sine organisasjonsledd, medlemer og for laget.
Ein søkar kan ikkje bli medlem utan at dei økonomiske pliktene i høve til andre organisasjonsledd og medlemer i NIF er gjort opp. Medlemsskap i laget gjeld først og vert rekna frå den dag første kontingent er betalt.
§ 4 KVEN HAR RØYSTERETT OG KVEN KAN VELJAST
For å ha røysterett på laget sine møte må ein medlem ha fylt 15 år, ha vore medlem i minst 1 månad, og ikkje skulde laget kontingent.(4)
Alle medlemer som har røysterett og som ikkje er arbeidstakarar i laget, kan veljast til tillitsverv i laget, og som representant til ting eller møte i overordna idrettsorganisasjon. Dette gjeld ikkje for representantar som er valt av og blant dei tilsette, eller som er spelar/utøvar med kontrakt og medlemskap i laget.
(1) Jfr. NIF si lov § 2-2 og 10-5.
(2) Merk at idrettslaget berre kan vere medlem av eitt idrettsråd. Dersom laget sitt naturlege område strekkjer seg over meir enn ein kommune, må laget velje kva idrettsråd ein skal høyre til.
(3) Når det står «kan bli medlem» inneber dette at ingen har krav på å bli medlem. Lovutvalet har sagt at med grunnlag i utgangspunktet for regelen, har eit idrettslag rett til å avslå ein opptakssøknad i heilt spesielle høve, og eit slikt avslag vil kunne ankast inn for Idrettsstyret.
(4) Jfr. NIF si lov § 2 - 5
§ 5 KONTINGENT
Kontingenten skal fastsetjast av årsmøtet og betalast på forskot.(5)
Medlemer som skuldar kontingent for meir enn eitt år, mister røysterett og andre rettar
og styret kan stryke dei som medlem i laget.
Ein medlem som vert stroken, kan ikkje takast inn att før skuldig kontingent er betalt.
Dersom ein medlem framleis skuldar kontingent etter forfall av to års kontingent, skal medlemsskapet avsluttast ved stryking frå laget si side.
§ 6 GODTGJERSLE TIL TILLITSVALDE (6)
Tillitsvalt kan ta i mot refusjon for nødvendige, faktiske utgifter, inkludert tapt arbeidsforteneste, som vert påført vedkomande i utføring av vervet. Tillitsvalt kan ta i mot eit rimeleg honorar for arbeidet sitt.
Utgifter til godtgjersle og refusjon for faktiske utgifter skal gå fram av laget sitt budsjett og rekneskap.
§ 7 INHABILITET
For laget sine tillitsvalde, personar oppnemnde til verv og tilsette, gjeld NIF sine inhabilitetsregler.
§ 8 STRAFFESAKER
For alle straffesaker gjeld NIF si lov kapittel 11 (NIF sine Straffebestemmelser).
§ 9 ÅRSMØTE
Laget sitt høgste styringsorgan er årsmøtet, som skal haldast kvart år (7) i januar månad.
Styret kallar inn til årsmøte minst 1 månad på førehand, (8) direkte til medlemene eller ved kunngjering i pressa.
Framlegg som skal handsamast på årmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet.
Medlemene skal ha tilgjenge til fullstendig sakliste seinast 1 veker før årsmøtet.
Alle medlemer i laget har adgang til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre personar og/eller media til å vere til stades.
Årsmøtet i idrettslaget er vedtaksført dersom det møter eit tal representantar / medlemer som minst tilsvarar talet på styremedlemer. Dersom årsmøtet i idrettslaget ikkje er vedtaksført kan det kallast inn til årsmøte på nytt utan krav om minimumsdeltaking.
Ingen har meir enn ei røyst og røystegiving kan ikkje skje ved fullmakt
På årsmøtet kan ikkje handsamast framlegg om lovendring som ikkje er ført opp på saklista seinast 1 veke før årsmøtet. Andre saker kan handsamast og avgjerast når 2/3 av dei frammøtte krev det. Slikt vedtak kan gjerast berre i høve godkjenning av saklista (9)
§ 10 LEIING AV ÅRSMØTET
Årsmøtet vert leia av valt dirigent. Dirigenten treng ikkje vere medlem av laget.
§ 11 RØYSTEGIVING PÅ ÅRSMØTET
Med mindre noko anna er fastlagt skal eit vedtak for å vere gyldig vere gjort med vanleg fleirtal av dei leverte røystene.
Val føregår hemmeleg dersom det ligg føre meir enn eitt framlegg eller det vert fremja krav om det.
Viss det skal vere skriftleg val, kan berre kandidatar det er gjort framlegg om førast opp på røystesetelen.
(5) Ein medlem kan gjere avtale med laget at kontingenten skal betalast heilt eller delvis ved dugnad.
Merk at styret har svært avgrensa høve til å pålegge medlemene dugnadsplikt.
(6) Jfr. NIF si lov § 2-6.
(7) Laget kan velje om årsmøtet skal haldast kvart år, eller om årsmøteperioden skal vere 2 år.
(8) Jfr. NIF si lov § 2 - 8
(9) Jfr.NIF si lov § 2-9
Røystesetlar som er blanke, eller som innheld kandidatar det ikkje er gjort framlegg om, tel ikkje og røystene vert rekna som ikkje avgitt.
Når eit val vert halde enkeltvis og ein kandidat ikkje oppnår meir enn halvparten av dei leverte røystene, skal det vere bunde omval mellom dei 2 kandidatane som har fått flest røyster.
Står kandidatane likt etter omvalet, vert valet avgjort ved loddtrekking.
Når fleire skal veljast ved ei røysting, må alle ha meir enn halvparten av dei leverte røystene for å vere valde. Dette gjeld ikkje ved val av vararepresentantar.
Om ikkje mange nok kandidatar får dette i fyrste omgang, er berre dei valde som har fått meir enn halvparten av røystene.
Det vert så bunde omval mellom dei kandidatane som står att, og etter denne røystinga er dei valde dei som får flest røyster.
Står nokon likt etter omvalet, vert dette avgjort ved loddtrekking.
§ 12 ÅRSMØTET SINE OPPGÅVER
Årsmøtet skal : (10)
1. Handsame laget si årsmelding.
2. Handsame laget sitt revidert rekneskap. (11)
3. Handsame innkomne framlegg.
4. Fastsetje kontingent.
5. Vedta laget sitt budsjett.
6. Avgjere laget sin organisasjon (Jfr. § 15)
7. Val (12)
a) Leiar og nestleiar
b) 4 styremedlemer og 2 varamedlemer (13)
c) 1 revisor (14)
d) Representantar til ting og møte i dei organisasjonar som laget er tilslutta.
Ved val skal det veljast kandidatar/representantar frå begge kjønn. Samansetjinga skal stå i høve til kjønnsfordelinga i medlemsmassen, likevel slik at det skal vere minst to representantar frå kvart kjønn. Dette gjeld ikkje i råd og utval m.m. som består av tre eller færre medlemer.
§ 13 OMFRAMT ÅRSMØTE
Omframt årsmøte vert halde når styret eller overordna idrettsorganisasjon gjer vedtak om dette, eller når minst ein tredel av dei røysteføre medlemene krev det.
Møtet vert kalla inn på same måte som vanleg årsmøte med minst 14 dagars varsel.
Omframt årsmøte kan berre handsame og ta avgjerd i dei sakene og som er gjort kjent i innkallinga.
§ 14 STYRET (15)
Laget vert leia av styret, som er laget sitt høgste organ mellom årsmøta.(16)
(10) Liste over årsmøtet sine oppgåver i denne avgjerda er minimum av kva laget si lov skal innholde. I tillegg kan andre oppgåver også tilleggast årsmøtet.
(11) Rekneskap og budsjett for idrettslag som er organiserte med grupper eller avdelingar, skal omfatte rekneskapa og budsjetta for desse avdelingane/gruppene.
Dette er ei følgje av at avdelingar og grupper i eit idrettslag aldri kan vere juridisk og økonomisk sjølvstendige einingar, då laget elles ikkje ville vere eit idrettslag. Sjå også § 15.
(12) Dette er minimum av dei tillitspersonar som skal veljast på årsmøtet. Det er ikkje noko i vegen for at årsmøtet i tillegg kan velje andre tillitspersonar som det er behov for.
(13) Tal styremedlemer og varamedlemer blir fastsett av vedteken lov. Det er ikkje noko i vegen for at styremedlemer kan veljast til spesifikke oppgåver, slik at ein i staden for å velje tre styremedlemer kan velje t.d. kasserar, sekretær og materialforvaltar.
(14) Idrettslag med omsetning på meir enn kr. 2.000.000,- pliktar å ha engasjert revisor, jfr. rekneskaps-og revisjonsvedtaktene § 5-1.
(15) Styret kan stå av andre enn de som er valt på årsmøtet, som f.eks. leiar i gruppene o.l. Dette må i så fall presiserast i denne paragrafen.
(16) Denne høgste avgjerdsmakta kan ikkje, verken heilt eller delvis, delegerast til andre organ /personar innan laget ( det kan såleis ikkje lovfestast at representantskapet o.l skal kunne overprøve styret sitt vedtak).
Styret skal: (17)
1. Setje i verk vedtak og avgjerdsler som vert gjorde av årsmøtet og av overordna idrettsorgan.
2. Nemne opp komitear, utval og personar for særskilde oppgåver etter behov. Utarbeide instruks for desse.
3. Administrere og føre nødvendig kontroll med laget sin økonomi i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande instruksar og vedtekter for idretten.
4. Representere laget utover.
Styret held møte når leiaren eller eit fleirtal av medlemene i styret krev det. Styret kan gjere vedtak når eit fleirtal av medlemene i styret er tilstades. Vedtak vert gjort med fleirtal av dei avgitte røystene. Ved likt røystetal, er røysta til møteleiaren avgjerande.
§ 15 GRUPPER / AVDELINGAR (18)
Laget kan organiserast med avdelingar og/eller grupper. Desse kan leiast av oppnemnde tillitspersonar eller av valde styre. Laget sitt årsmøte tek avgjerd om oppretting av avdelingar/grupper, og korleis desse skal organiserast og leiast. (19)
For avdelingar/grupper sine økonomiske plikter heftar heile laget, og avdelingar/grupper kan ikkje inngå avtalar eller representere laget utover utan styret si godkjenning.(20)
§ 16 LOVENDRING
Endringar i denne lov kan berre gjerast på vanleg eller omframt årsmøte, etter å ha vore ført opp på saklista, og krev to tredels fleirtal av dei leverte røystene.
Lovendringane må sendast Idrettsstyret for godkjenning, og trer ikkje i kraft før dei er godkjende.
§ 17 kan ikkje endrast.
§ 17 OPPLØYSING
Oppløysing av laget kan berre handsamast på vanleg årsmøte.
Vert oppløysing vedteke med minst to tredels fleirtal, skal omframt årsmøte haldast 3
månader seinare. For at laget skal bli oppløyst, må vedtaket her gjerast oppatt med to tredels fleirtal.
Samanslåing med andre lag vert ikkje rekna som oppløysing av laget. Vedtak om samanslåing og nødvendige lovendringar i tilknyting til dette, skal gjerast i samsvar med reglane om lovendring jfr. § 16.
I fall oppløysing eller annan nedlegging av laget, skal laget si eige førast over til
Norges Idrettsforbund eller føremål godkjend av Idrettskrinsstyret.
I fall oppløysing skal laget sitt arkiv sendast til idrettskrinsen.
(17) Her er det teke med minimum av dei oppgåver som skal leggjast til styret. Det er ikkje noko i vegen for at det kan avgjerast at styret skal ha andre oppgåver i tillegg.
(18) Jfr. § 12, nr. 6 står årsmøtet fritt til å organisere laget slik det ønskjer i underavdelingar og/eller grupper.
Desse kan gi den betegnelse årsmøtet ønskjer, og kan også vere representert i laget sitt styre dersom årsmøtet avgjerd det.
Det blir gjort oppmerksom på at fleire særidrettslag kan vere knytta saman i eit felles allianseidrettslag, som har til oppgåve å vere eit felles organ for desse særidrettslaga. På denne måten vil laga ha eit fellesskap gjennom å høyre til allianselaget, samtidig som dei beheld sin økonomiske og juridiske sjøvstendigheit . I praksis blir dette ordna med at medlemane i særidrettslaga samtidig er medlemer i allianselaget.
(19) Jfr. § 12, nr. 6.
(20) Dette inneber mellom anna at det berre er laget sitt styre (hovudstyret der laget har grupper/avdelingar med eigne styre) som kan føreta tilsettingar og inngå sponsorkontakter.